Тёмный

Gummikuler (Rubber Bullets) - Stein og Jord med Tony 

Enhetsfront 1
Подписаться 449
Просмотров 1,2 тыс.
50% 1

Frå albumet Fridomsharpa - Opprørssongar Frå Irland, Skotland og England av Stein Og Jord med Tony
Plateselskapet Mai - MAI 7702
Gummikuler er eit "kotrollvåpen mot opprør" som den
britiske hæren nyttar for å sikre den militære okkupasjonen
av Nord-Irland.
Gummikuler vart tekne i bruk i Nord-Irland i 1970, og
fram til midten av -74 var det brukt 70 000 stk.
Forløparen for gummikulene var trekuler som først vart
utvikla i Hong Kong. Trekulene vart rekna som taktisk
"ugunstig" i Nord-Irland - derimot kunne Klassekampen i.
juni -77 avsløre at det norske terropolitiet har skaffa
seg trekuler, og at dei driv trening med slike.
Gummikula skal i første omgang lamme og skade offeret,
men ved direktetreff på nært hald kan dei og drepe.
Trekulene er langt farlegare, m.a. av di dei ofte vert
splintra når dei råker offeret.
Gummiskyts til alle damer, ta dei heim i veska di
dei er tre toms gange seks toms - ja, no blir vel gubben blid
Det er siste skrik i terror, gjer deg lam frå topp til tå
Du ser grøne gummistjerner - sidan blir du gul og blå.
Du har svømt i tåregassen mens det regna kølleslag
Og bak stablane av murstein fekk du lært ditt tøffe fag
Men du slåst for land og fridom, du må vere kvikk for fa'n
For no er det gummikuler som er hærens siste plan
Når familien er svolten og det herskar portforbod
Då har hæren gitt menyen: Gummikake best som rå!
Sit du fast i husarresten og har nervar av gele
Er resepten gummikuler som frå taket rasar ned
Hugs når du skal ut på byen, det finst lover for trafikk
Skal du unngå gummikuler, må du gå med ørneblikk
Pass på når du krysser gata, ja, eg meiner alvor nå
Treffer kula på den rette plass, får du litt å tenkje på
Når soldaten kjem bak skansen for å fri til deg ein kveld
Ver på vakt på gummikuler; gje han kjapt ein karamell
Slå geværet hans i bakken, og lang ut ein lusing til
for viss han får tid å sikte - er det du som snart ligg still

Опубликовано:

 

6 сен 2024

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии    
Далее
Erin go brath - Stein og Jord med Tony
3:05
Просмотров 1,4 тыс.
When A Gang Leader Confronted Muhammad Ali
11:43
Просмотров 8 млн
5 SÄMSTA IDOL NÅGONSIN
14:26
Просмотров 147 тыс.
Robert Gustafsson som Per Gessle Idrottsgalan 2009
9:30
How to win a argument
9:28
Просмотров 510 тыс.