Heidi Hjorteland Wigestrand er journalist og forfattar frå Suldal. Då biblioteket og kulturhuset måtte halda stengt i vinter, fekk biblioteket lov å ha livestream med ei av novellene hennar, samt ei nyskrive korona-novelle. Ho deltok også på livestream i regi av Ryfylkebiblioteket Suldal, der ho las eiga novelle medan distriktsmusikar Xenia Berkova spelte til.
Bli med og høyr korleis det er å jobba som frilansar "i desse dagar" og om korleis koronaen har påverka forfattarskapen.
Kultur i Suldal er ein videoserie laga av Kulturhuset i Suldal, med støtte frå Norsk Kulturfond.
5 сен 2024