Тёмный

Noreg i dans og spel: 9. Buskerud - Hallingdal 

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Просмотров 1,9 тыс.
50% 1

9. Buskerud - Hallingdal
Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994.
Håkon Tveito og Gunnlaug Lien Myhr dansar springar. Egil Syversbråten spelar hardingfele. Slått: Silde-Per.
Om dansen
Springaren i Hallingdal har to hovuddelar, ein lang vendingsdel med eihandstak, og ein eitaktssnu som samdansdel til slutt. I tillegg har dansen ei motsols snuing som som vi kan tolka anten som ei spesiell form av totaktssnu, eller som ein bygdedanssnu, sidan dei dansar så heilt på sida av kvarandre. Karakteristisk for springaren i Hallingdal er òg det store kastet som guten her gjer medan dei held samdanstaket. Han kastar seg høgt opp bakover med beina. Han stør seg på jenta og ho hjelper til med å støe oppunder. I eitaktssnuen er det typisk at guten har strake bein idet han samlar føtene på 2. taktslaget i eitaktssnuen.
Jenta sviv, som i springaren i Valdres, snøgt rundt på omlag 2 taktslag. To trinn er nok til å komma heilt rundt ein gong. Dansen har etter gammalt hatt tre ujamne sviktar i takta, slik dette paret dansar. Somme dansar han med to sviktar.
Springaren frå Hallingdal var med på kappleik like frå starten omkring år 1900 og har vore ein av dei mest brukte dansane der heilt fram til i dag. Det har vore halde kurs i springar i fleire bygder i Hallingdal alt frå 1920-talet, og Ål har vore eit senter for det. Samstundes har det vore sterke dansemiljø der dansen har vore jamnleg brukt og svært mange lærde meir i bruksmiljøa enn på kurs. Etter gammalt var dansen truleg litt annleis i Hemsedal, Nes og Gol enn i dei øvre bygdene.
Om musikken
Magne Myhren skriv om låtten: "Namnet Silde-Per skal ha namnet etter ein spelemann frå Varaldsøy i Hardanger, men låtten er knapt kjend utanfor Hallingdal no. Silde-Per har vore omtykt og ofte fri i bygnaden for dei som likar det. Formi hans Sevat Sataøyn er fasttimra med tri vek. Fyrste veket kjem på grovt og på grant med kvints avstand. Her er hallingdals-stilen tydeleg med rulletak og vritelege ristetak. Om det var Grimsgard eller Sataøyn som sette opp låtten soleis skal vera usagt. Eg har låtten etter opptak med Sevat.[...] I Hol har dei tvo Silde-Per-springarar til, båe på felestillet G-d-a-e." (CD: Hardingfelelæte). Felestillet er nedstilt bas g-d-a-e.

Опубликовано:

 

1 ноя 2022

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии    
Далее