Store Smørstabbtinden (2208 moh.) er majesteten blant Smørstabbtindene, og den nest høgaste etter Storebjørn. Ein treng ikkje å krysse bre for å nå toppen - og ein går og ser opp på toppunktet heile turen!
Beste utgangspunkt: Krossbu turisthytte, 1260 moh.
- Lengde: 13 km tur-retur
- Tid: 4-6 timar tur retur.
- Stigning: Ca. 1000 høgdemeter
- Merk deg: Turen er ikkje merka, men delvis varda.
Ver obs på: Bratt siste stykket opp til toppunktet. Kan vere glatt og snødekt på seinsommar og haust. Fleire moglege vegval opp ura mot toppunktet.
Les meir her: bit.ly/TurtipsStoreSmørstabbt...
Foto/redigering: Mari A. Wedum, Visit Jotunheimen
Medfotograf og turfølge: Karin Aasheim
Opptak 23. august 2022
11 июл 2023