Тёмный
No video :(

FRIKAR X opptak 2023 

frikar
Подписаться 2,4 тыс.
Просмотров 399
50% 1

Ope opptak til FRIKAR X 24-28 okt!
Me ser etter rytmisk sterke utøvarar av dans og sirkus med individuelle uttrykk.
Har interesse og kunnskap om jorda, andelege uttrykk og skandinavisk kulturarv.
FRIKAR X vil leggje til rette for talent som kan bidra til å utvikle scenekunst med tydeleg norsk særpreg på eit internasjonalt nivå.
Kjerneverdiane våre er:
- FRI. Fridom for utøvarar og publikum. Ulike kroppar, bakgrunnar og uttrykk blir satt pris på.
- OMFAVNANDE. Samhald skapar trygg grunn for å ta risiko. Me har stor takhøgd og er glade i dialog.
- MODIG. Me utfordrar tradisjonar og eigne grenser.
FRIKAR har utvikla talent sidan 2008. I 2017 starta FRIKAR X i samarbeid med kjernepartnarane Talent Norge og Sparebankstiftelsen DNB. FRIKAR X er eit treårig program der dei fleste har bachelor før inntak. Me har ni samlingar i året i Valdres og i tillegg visse moglegheiter for utøvande erfaring / jobb.
FRIKAR X er også ei spesialisering på utøvande kunst ute i det fri. Me søkjer berekraft i reise, arrangement og miljø. Difor støttar me kollektivreiser med inntil 1000 kr pr samling
Fagansvarleg er koreograf Hallgrim Hansegård som inviterer verkstadhaldarar frå inn- og utland. I siste periode har me hatt Hofesh Shechter company, Lali Ayguadé, Akira Yoshida og Fighting Monkey++
FRIKAR X er ein del av eit økosystem for dans og sirkus som omfattar dansekompaniet FRIKAR, Fjelldansen koreografiske senter, arenaen FRIKAR-SMIA, FRIKAR treningssenter og undervisningsinstitusjonen FRIKAR-Akademiet. Dansekompaniet FRIKAR har spelt i 35 land sidan 2006. Kompaniet rekrutterer frå FRIKAR X. Talentprogrammet gjev spesialkompetanse som er relevant for folkedanskompania og Västanå teater.
ØKONOMI:
Programmet dekker reise for inntil 1000 kr pr samling, overnatting og studio. Programmet kan også dekke eit visst omfang av residensar.
Koreografiar frå det profesjonelle feltet kan bli øvd på under samling i talentutviklande samanheng, utan at utøvarane får honorar for det.
Jobbmoglegheiter blir dekka etter gjeldande tariffar.
OPPTAK:
Når: 24-28 oktober. Start kl 12 24 okt. Buss… frå Oslo.
Kvar: FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal. (2t45min frå Oslo med Valdresekspressen)
Opptaket er lærerik verkstad der juryen instruerer: Chris Nypan (house, rytme & capoeira), Jon Filip Fahlstrøm (animistisk dans), Marnie Fiebig (akrobatisk dans), Hallgrim Hansegård (folkedans og luftakrobatikk). Det blir også undervist i lokking (norsk folkesong).
Etter 26 oktober blir det gjort ei evaluering der nokre kandidatar får bli til 28 oktober.
KRAV:
- Profesjonelt utøvarnivå innan dans, sirkus eller akrobatikk
- Deltakarar må kunne norsk innan eit år etter opptak (for å kunne forstå lokal kulturarv)
- Sende solovideo til art@frikar.com innan 5. oktober. Merk e-post: «OPPTAK FRIKAR X». Skal vise personleg uttrykk og helst sjølvkoreografert/improvisert. Me ser inntil 3 min pr utøvar.
- Motivasjonsbrev i same e-post.
- Det er positivt med songstemme
- Me ser etter skapande utøvarar som har interesse av å bidra i eit miljø og utveksle kunnskap.
- God rytmesans
- Grunnleggjande akrobatikk som kontrollert hovudståande, god hjul, stå på hendene etc.
MOTIVASJONSBREV:
- Kva er dei prioriterte utviklingsområda dine for dei neste tre åra?
- Kvifor ynskjer du å utvikle folkedansevnene dine og kunnskapen om skandinavisk kulturarv?
- Kvifor vil du vera ein del av FRIKAR X?
Maks 1 A4-side
Videoen er laga av Antero Hein og Hallgrim Hansegård

Опубликовано:

 

5 сен 2024

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии    
Далее
Wardruna & FRIKAR - "Andvevarljod" music video
10:23
Просмотров 21 тыс.
Viking sauna workout
36:59
Просмотров 10 тыс.
Noreg i dans og spel: 13. Telemark
4:44
Просмотров 1,2 тыс.
GANDR
1:31
Просмотров 903
FRIKAR X med GANDR på Hunn-feltet
1:19
Просмотров 384
FRIKAR Norske talenter semifinale
6:05
Просмотров 82 тыс.
Gammel reinlender
2:59
Просмотров 70 тыс.
FRIKAR Impro & Hallingdans / Halling dance
4:55
Просмотров 50 тыс.