Тёмный

Noreg i dans og spel: 34. Troms - Senja 

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Просмотров 624
50% 1

34. Troms - Senja
Opptak frå dokumentasjon i Tromsø 1981.
Dansarar frå Troms Ungdomsfylking dansar polsdans. Svein Nymo spelar fele. Slått: Springar etter Wilhelm Taraldsen.
Om dansen
Vi hadde ikkje noko høveleg kappdansopptak med tradisjonsdans frå Troms. Difor har vi tatt eit dokumentasjonsopptak som vart gjort av Norsk senter for folkemusikk og folkedans med dansarar frå Troms Ungdomsfylking i 1981 og med Egil Bakka bak kameraet. Det viser ei enkel polsdansform frå Senja. Folkedansinstruktøren Gudrun Lunde (1889-1973) henta først i 1930-åra Emil Berg som var oppvaksen i Lysbotn på Senja til Tromsø for at han skulle læra bort nokre gamle dansar han kunne til leikarringen i Bondeungdomslaget. Ho skreiv då samstundes ned dansane hans, og ein av dei heitte Gilrosen. Gilrosen vart dansa med stega frå den lokale polsdansen, og dansarane fekk òg læra ei enkel polsdansform, men ho vart etter det vi veit ikkje skriven ned. Forma har likevel levd i minnet hos dansarane i Bondeungdomslaget i Tromsø, først og fremst då hos Gudrun Lunde og sonen Tormod Lunde, og ho vart tatt fram att til bruk på 1970-talet. Dansen har ein svært enkel vendingsdel og ein samdansdel med bygdedanssnu (Semb 1991:103ff).
Om musikken
Spelemannen Wilhelm Taraldsen (1883-1950) var frå Målselv, og var soneson til spelemannen Sevat Bersvendsen Midtskogen (1806-1889) som kom til Målselv frå Midtskogen øvst i Rendalen, og hustru Valborg Taraldsdotter frå Kirkemo i Storelvdalen. Alle er omtalte av Johan Nymo som skriv: Sevald vart han døpt, men Sevat vart brukt. "Han Sevat" er liksom stamfar til spelemannstradisjonen her i Målselv, og med det namnet lever han mellom oss spelemenn den dag i dag." (Nymo 1982). Felestillet verkar å vera oppstilt bas, a-d-a-e.

Видеоклипы

Опубликовано:

 

1 ноя 2022

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии    
Далее
Norwegian Folkdancing
5:58
Просмотров 208 тыс.
ПРОВЕРИЛ АРБУЗЫ #shorts
00:34
Просмотров 4,6 млн
Недооцененный котел в Симс 4
00:37
ВИРУСНЫЕ ВИДЕО / Бекон 😅
00:31
Просмотров 155 тыс.
Dølahelg i Tromsø - 1988
4:50
Просмотров 3 тыс.
Norske folkedansar, Bislett stadion 1932
6:52
Sydisdans
6:30
Просмотров 1,9 тыс.
Springar fra Heddal - 1981
2:41
Просмотров 6 тыс.
Lasse Stefanz de Sista Ljuva Åren
3:43
Просмотров 10 млн
Norsk Folkedans Stemne 2012 - Bjerkreimringen #1
19:32
The Finnish Language
9:57
Просмотров 2,1 млн
Norsk Folkemuseums Dansegruppe : Japan 2008
7:42
Просмотров 29 тыс.
можно
1:55
Просмотров 226 тыс.
Stray Kids "Chk Chk Boom" M/V
3:26
Просмотров 19 млн
OG Buda, 4n Way - МЭВЕРИКС
2:15
Просмотров 123 тыс.
JJAM
3:06
Просмотров 1,1 млн
Jaloliddin Ahmadaliyev - Kuydurgi (audio 2024)
3:26
Просмотров 626 тыс.