Тёмный

Noreg i dans og spel: 5. Hedmark - Trysil 

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Просмотров 643
50% 1

5. Hedmark - Trysil
Opptak frå Landskappleiken, Oppdal 1999.
Martin Myhr og Margrete Nordmoen dansar runnom. Olav Sæta spelar fele. Slåttar: Søleken etter Embret Lund, runnom etter Jon Hollseter og runnom etter Embret Lund.
Om dansen
Runnom (rundom) er namnet på bygdedansen i Trysil og Engerdal. Nokså like former frå Rendalen og Stor-Elvdal går under namnet polsk. Særmerkt for desse formene er at dansen er svært stutt (gjerne 16-24 takter). Dansen er slutt når ein har dansa eitaktssnuen til endes. Då snurrar jenta rundt åleine medan spelemannen spelar eit lite etterspel, og så takkar dansarane kvarandre for dansen med eit handklapp. Det kjem gjerne mange runnomar etter kvarandre og mellom kvar lek går dansarane etter golvet og ventar til neste runnomleken tar til.
Dansen kan ha ulike alternative vendingsdelar som vi òg ser på dette opptaket, men samdansdelen og avsluttinga er alltid på lag den same. Eitaktssnuen er synkron sameleis som i Gudbrandsdalen.
Om musikken
Her blir det dansa til tre ulike runnomleker. Søleken har denne teksta:
:/:Å er det noen som har gjett bort sø så får 'n bære tralle:/:
:/:det kunne full ha hendt no'n gang, før langt nol i Grubben:/:
(Feleverket 3, Hedmark nr.72). Leken etter Jon Hollsæter, bror til den kjende spellmannen Johan Hollsæter, er lært etter tralling, og kom fram etter at feleverket vart trykt; i eit intervju Martin Myhr gjorde med Jon Hollsæter. Den tredje runnommen finst i Feleverket 3 Hedmark nr. 54). Olav Sæta har lært runnomspel av fleire eldre engerdøler og tryslingar, og ved å studere opptak i arbeidet med nedtegning av slåttar til Hedemarksbindet av Feleverket. Felestillet er oppstilt bas a-d-a-e. Trysil og Engerdal har ein gammal feletradisjon med svært stutte slåttar. For den som vil høyre meir gammalt frå Trysil, kan det vere verd å studere CD-en "Mine strenger...".

Опубликовано:

 

1 ноя 2022

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии    
Далее
Noreg i dans og spel: 6. Hedmark - Alvdal
2:55
20 Trysil
12:00
Просмотров 7 тыс.
Mats Berglund och Mattias Helje
3:53
Просмотров 161
Runnom
1:19
Просмотров 202
16mm0007 1 Polsdans Drevja
2:05
Просмотров 318
Safir fra Trysil
3:14
Просмотров 36 тыс.