6. Hedmark - Alvdal
Opptak frå Landskappleiken, Vågå 1996.
Olav Kjernmoen spelar fele. Slått: Springleik etter Malena-Knut.
Om musikken
Denne slåtten skreiv folkemusikksamlaren Ola Ryssdal (1873-1963) opp i 1918 etter Malena-Knut, Knut Torsplassen (1843-1928), og han noterte òg bogestøka som Malena-Knut brukte. Malena-Knut hadde mesteparten av spelet etter morfar sin, Knut Eriksson Strømmen (f.1786), som òg vart kalt Malena-Knut. I boka "Gamle strengar kling i moll" (Eggset 1998:81) som har bilete av Malena-Knut på framsida, kan ein lesa meir om Alvdalstradisjonen. Felestillet er oppstilt bas a-d-a-e. Springleik er namnet på den eldste bygdedansen både i Gudbrandsdalen, i Oppdal i Sør-Trøndelag, og i Folldal og Alvdal i Nord-Østerdalen. Springleiken var den mest omtykte dansen helt til ca 1910 da rørospolsen for alvor kom på moten i Alvdal. Springleiken vart da bytta ut med pols, og spelemennene tok til å spele pols òg. Det eldre repertoaret vart ikkje så aktuelt til samværsdans. Likevel har eldre spelmenn ført vidare det gamle spelet til dagens unge utøvarar, og dansen er også godt dokumentert, sjølv om få kan og bruker han i dag. Variantar av same slåtten er kjende i Rørosdistriktet under namnet "Je vet så vel ke di gamle sei ".
1 ноя 2022