Тёмный

Noreg i dans og spel: 3. Oppland - Vågå 

Norwegian Centre for Traditional Music and Dance
Просмотров 815
50% 1

3. Oppland - Vågå
Opptak frå Landskappleiken, Rauland 1994.
Arne Ivar Blankenborg og Unni Øyen dansar springleik. Ivar og Leif Inge Schjølberg spelar fele. Slått: springleik etter Jakup Skogum.
Om dansen
Etter gammalt vart det dansa springleik - også kalla springdans - i heile Gudbrandsdalen, men det er i dei nørdste bygdene dansen har halde seg lengst i vanleg bruk. Felespelet har halde seg betre i heile dalen, og finst i levande tradisjon også der den lokale springdansforma har gått meir i gløymeboka. Idag er lokale variantar frå Lom, Skjåk, Vågå, Heidal og Fron kjende. Dei finst dokumenterte på film og er meir eller mindre i bruk. Springleiken har stor likskap, men dansen blir variert frå gong til gong, og dei ulike vendingane og taka det er vanleg å bruke kan variere frå bygd til bygd, og frå person til person.
Springleiken i Gudbrandsdalen har banebyte og motiv med ei- og tohandstak i vendingsdelen, og jenta snur heile og halve vendingar under armen. I lausdansen dansar gut og jente i kvar sin bane før dei tek saman til samdansdelen. I samdansdelen kan ein ha tre typar motiv: Eit tak der ein held om livet på kvarandre og dansar fram, totaktssnu mot- og medsols, og til slutt ein medsols eitaktssnu. Måten eitaktssnuen blir utført på varierer mykje frå stad til stad. I springleiken i Ottadalen er snuinga bygd på same teknikken, synkron eitaktssnu. Totaktssnuen er ikkje alltid med.
Liknande former av dans med same namnet finst utanom Gudbrandsdalen i Folldalen og i Alvdal i Nord-Østerdalen (sjå springleik med Olav Kjernmoen, Alvdal), og nordafor Dovrefjell i Oppdal. Tak og vendingar i desse bygdene har ein del klare likskapar med tradisjonen i Gudbrandsdalen, medan teknikken i eitaktssnuen er ulik. Dansen i Folldal, Oppdal og Alvdal har asynkron snu.
Om musikken
Ivar og Leif Inge Schjølberg spelar unisont heile slåtten gjennom fyrste gongen, og i det fyrste veket andre og tredje gongen. Andreveket andre og tredje gongen spelar dei med ein oktavs avstand, dette blir kalt å spele uppi og ni'i. (Jamfør spelet til danseopptaket frå Røros).
Springleiken er etter Jakup Skogum; det vil seia at spelarane har lært slåtten av J.S. beinveges eller via andre. I heftet åt CD-en Skinnfellvalsen med Vågå spelemannslag står det at leiken er etter Per Brenden: "Per Brenden, som var aktiv i spelmannslaget, hadde leiken i tradisjon etter Iva Bråtå (1826 1916)". Felestillet er oppstilt bas, a-d a-e, det mest brukte felestillet både i fele og hardingfeletradisjonen. Jakup Skogum f. 1923 frå Lalm i Vågå har store delar av repertoaret sitt frå lalmingen Per Brenden (1886-1963), 'n Pær Brennun i daglegtale. Han kunne nærmare 500 leikje, og mange av desse lærde han av Ivar Braataa frå Vågå, hovudkjelda for boka Folkemusik i Gudbrandsdalen (Sandvik 1919).

Опубликовано:

 

1 ноя 2022

Поделиться:

Ссылка:

Скачать:

Готовим ссылку...

Добавить в:

Мой плейлист
Посмотреть позже
Комментарии